Sjølvtest covid-19 for elevar og barnehageborn

OBS! Sjølv om svaret på hurtigtesten er negativt, er ikkje dette ein garanti for at du ikkje er smitta., og du må fortsatt følgje gjeldande smittevernreglar. 

Korleis tek eg sjølvtesten?
Sjølvtesten er enkel å bruke og må takast same dag som du får testkitten. Du tek testen på deg sjølv eller barnet ditt og les av svaret på testplata etter femten minutter. Sjå instruksjonsvideo. 

Ver ekstra merksam på dette:

  • Testpinnen: Først 2-3 cm inn i fremre nese og roterast rund i 10 sekund i begge nesebor. 
  • Reagensrører: rør om i væsken om testpinnen 10 gonger, klem på svampen på testpinnen før du tek ut pinnen og set korka på reagensrøret med spissen opp.
  • Testbrikka: Dryppe fire dråpar i sirkel. Ikkje rør eller beveg testbrikka.
  • Resultaten lesast av etter 15 minutt (min.)  og 30 minutter (maks).

Her ser du ein video som viser korleis du skal ta testen og korleis du skal tolke resultatet:

 

 

 

Kva gjer eg om testen er positiv?
Då må du gå i isolasjon og melde dette inn til smittesporing. Vi har oppretta ei e-postadresse der du kan melde inn dette. Du treng ikkje ringe koronatelefonen for å fortelle at du har testa positiv på hurtigtest. 
Smittesporing vil kontakte deg og du får tildelt time for PCR-test så raskt som mulig. De som har  har behov for å melde inn slike testsvar kan sende e-post til: smittesporing@stranda.kommune.no

Skriv namn og telefonnummer og at du ønskjer å bli oppringt i samband med svar på hurtigtest. 

Unngå kontakt med dei du bur ilag med. Vask/sprit kontaktpunkt når du har bevega deg i huset.