Testing for koronavirus

Den generelle oppmodinga om å teste seg for korona ved nyoppståtte luftvegssymptom gjeld ikkje lenger. Råda no er å halde seg heime når ein føler seg sjuk, uavhenging av årsak.

Den kommunale teststasjoen er avvikla
Treng du PCR-test skal det gjerast på indikasjon ved vurdering av lege. 
Treng du PCR/hurtigtest i samband med reise, må du ta kontakt med private aktørar.

Sjølvtestar vil framleis vere tilgengeleg
Sjølvtest/hurtigtest kan hentast ved servicekontoret kvardagar mellom kl. 10:00-14:00.
Råda ved positiv test er å halde seg heime når du føler deg sjuk, uavhengig av årsak.