Busetjing av flyktningar
Stranda kommune buset flyktningar etter avtale med IMDi. For perioden 2016 – 2018 har kommunestyret vedtatt å ta imot opp til 60 flyktningar. Familiegjenforening er inkludert i dette talet. I løpet av 2016 tok kommunen i mot 16 syriske flykningar. For 2017 har kommunen sagt ja til IMDi sin oppmoding om å busette 12 flyktningar, i tillegg til familiegjenforeiningar.
Introduksjonsprogrammet
Kommunen pliktar å tilby eit fulltids introduksjonsprogram, og alle flyktningar som blir busett i Noreg har plikt til å følgje programmet.
Programmet inneheld opplæring i norsk og – samfunnskunnskap, i tillegg til språk- og arbeidspraksis. Programmet har ein varigheit på opptil 2 år. Målet med programmet er å kvalifisere deltakarane for arbeid eller vidare utdanning.
Vaksenopplæringa ved Stranda kommune står for opplæringa i norsk. Kommunen har ein avtale med aktøren A2B, som har ansvaret for opplæringa i samfunnskunnskap og oppfølginga av arbeids og språk praksis. A2B er etablert i eigne lokalar i Hevdalsvegen 54 (tidligare lokala til Mattilsynet).
Oppgåvene til flyktning og innvandrartenesta
I Stranda kommune har alle dei kommunale tenestene ansvar for å busetje flyktningar innanfor sine tenesteområde. Flyktningtenesta jobbar difor opp mot m.a barnehage, skule, frivilligsentral og ulike helsetenester i kommunen, og har i denne samband ei koordinerande rolle.
Flyktning og innvandrartenesta skal m. a:
• Koordinere tenester med andre kommunale einingar
• Løyse det praktiske ved busettinga
• Kontaktledd mellom kommune, lokalsamfunn og flyktning
• Gje rettleiing og opplæring til flyktningane (bu i norsk bustad, kunnskapar ein må ha for å bu i Noreg).
• Tilretteleggje for integreringsarbeid
• Oppfylgjing av introduksjonsprogram i samsvar med introduksjonslova
For at integreringa i kommunen skal vere vellykka er vi avhengig av eit samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen. Privatpersonar kan også vere med på å gjere ein forskjell for våre nye innbyggjarar. Ønskjer du å bidra som ei støtte, ta gjerne direkte kontakt med flyktning og innvandrartenesta.