Strandahallen

Omtale

Lag og organisasjonar i kommunen kan gratis leige Strandahallen til trening på ettermiddag og kveldstid i vekedagane. Fordeling av treningstider blir gjort av kulturleiar etter søknad.

For leige i helg, garderobar, arrangement/stemner o.a. gjeld satsane som til ein kvar tid er fastsett av Helse-, oppvekst- og kulturutvalet.

Vilkår
Strandahallen blir i første rekke leigd ut til trening og arrangement av idrettsleg art, og til andre arrangement av sosial og kulturell art. Kvart lag/gruppe skal ha minst ein leiar/instruktør som har ansvaret for at ordensreglane vert haldne, sjå ordensreglar i gjeldande reglement.

Reglement
Leigesatsar, Helse, oppvekst og kulturutvalet (HOK)
Reglement for utleige til trening og arrangement, HOK

Saksgang
For faste treningstider på ettermiddag og kveldstid er det søknadsfrist i august for trening i haustsemesteret og i midten av desember for trening frå januar og fram til sommaren.

Søknadsskjema
Skriftleg søknad til Stranda kommune, Øyna 13, 6200 Stranda eller post@stranda.kommune.no
Eventuelt ta direkte kontakt med kulturleiar.

 

Sist endra 09.12.2016

Kontakt

Marianne Bakke Omenås
Einingsleiar