Tilskotsportalen for alle lag og organisasjonar i Stranda

 Tilskotsportalen er eit verktøy som gjev din organisasjon moglegheit til å finne nyttige og aktuelle tilskot til nye aktivitetar og prosjekt.

Alle lag og organisasjonar i Stranda 

Alle lag og organisasjonar i kommunen kan no registrere seg på tilskotsportalen. Inntil 3 representantar for kvar organisasjon kan opprette brukar i portalen. Avtal med din organisasjon kven som ha denne tilgangen. 

 

Korleis få tilgang

Klikk her for å komme til portalen: https://tilskuddsportalen.no/ Skriv «Stranda» i søkefeltet på heimesida og vel «Lag og foreninger i Stranda» for å opprette brukar.

Etter å ha blitt godkjent som brukar vil du få ein e-post med ei aktiviseringslenkje. Deretter vil du kunne logge inn og søkje mellom alle dei ulike tilskotsmoglegheitene inne i portalen.

 

Digitalt informasjonsmøte

Det vart halde eit kort digitalt møte 07.03.2022 der vi såg nærmare på portalen og moglegheitene den gir. Ved behov, vil det bli arrangert fleire slike informasjonsmøte. 

Ta kontakt med Elisabeth Opsvik på eliops@stranda.kommune.no eller på mobil 464 11 054 om du har spørsmål til portalen. 

 

Tilsette i Stranda kommune vil ogå få tilgang til portalen. Eigen informasjon om dette kjem.