Føremålet
Føremålet med tilskot til tiltak i verdsarvområda er å styrke landbruket i desse områda, jf. § 1 i Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarv-områdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Ordninga skal òg medverke til å oppretthalde eit aktivt og levande kulturlandskap, ta vare på kultur- og kulturlandskaps-verdiar, hindre attgroing og ta vare på og fremje eit ope og opplevingsrikt kulturlandskap, jf. Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområda Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan.
Kven kan søkje?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som medverkar til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan vere:
- Grunneigarar eller drivarar
- Landbruksføretak registrerte i Landbruksregisteret
- Organisasjonar, foreiningar eller lag
- Andre som medverkar til å fremje føremålet med ordninga
Kva kan du søkje om tilskott til?
Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan vere:
| Restaurering og skjøtsel av areal |
| Istandsetting, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne |
| Tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv |
| Formidling |
| Naudsynt planlegging av tiltak |
| Kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar |
Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar.
Les meir i rettleiingshefte (PDF, 354 kB)
Korleis søkjer du?
Sjå rettleiingshefte (PDF, 354 kB)
Søknadsfrist:
- Areal og dyr: 1.10.2020, kl. 23:59:00.
- Andre tilskott: Kontinuerleg og så snart som råd, med siste frist 1.10.2020, kl. 23:59:00.
Det er viktig at du les godt gjennom rettleiarheftet
Ansvarleg:
Stranda kommune.
Kontaktperson:
Inge Bjørdal. E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. M: 464 11 023