SMIL-ordninga

 Steingardar Helset - Klikk for stort bilete

Publisert av Synnøve Lindset. Sist endra 05.03.2018

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Føremålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere ureining frå jordbruket. Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift.

Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

Investeringstiltak som fremjar organisert beitebruk vert  administrert av Fylkesmannen som eiga ordning.

Vilkår
Kommunen handsamar  og avgjer søknader om tilskot i samråd med ei  rådgjevande gruppe. Kommunane utarbeider overordna retningsliner for prioritering av søknadane (lokale vedtekter).

Tilskot kan gjevast  til føretak der det foregår ein tilskotsberettiga produksjon på landbrukseigedommen, og som oppfyller vilkåra i forskrift 19. desember 2014 nr. 1817 om produksjonstilskott og avløysartilskott i jordbruket § 2 og  § 3 eller § 4. Landbrukseigedommen sin eigar må gje løyve til gjennomføring av prosjekt eller tiltak etter denne forskrifta.

Søkjar må oppfylle vilkår i forskrift 1. juli 1999 nr. 791 om gjødslingsplanlegging. Det skal førast journal over plantevernmidlar som er nytta, med opplysningar om namn på plantevernmiddelet, tidspunkt for behandling og dosen som er nytta, og området og veksten som plantevernmiddelet vart nytta på. Søkjer må vidare ha kart over jordbruksareala føretaket til ei kvar tid disponerer, og andre areal som føretaket disponerer eller som har innverknad på eller er påverka av jordbruksdrifta. Kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald, areala med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre forhold med konsekevnsar for miljøet skal vere kartfesta og skildra.

Dersom areala er leige vekk må søkjar likevel kunne dokumentere at vilkåra etter første og tredje lekken i forskrifta er oppfylte.

Saksgang
Tilskot vert løyvd på grunnlag av søknad med godkjende kostnadsoverslag. Det skal nyttast søknadsskjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Søknaden skal sendast kommunen.

Søknaden bør innehalde opplysningar om tilhøve som er naudsynt for sakshandsaminga, til dømes føremålet med tiltaket, kart, bilete/teikningar og kostnadsoverslag.

Frist for gjennomføring av tiltaket er 3 år frå tilskottet blei innvilga, men mindre kommunen har sett ein kortare frist. Fristen kan forlengast med inntil 2 år på bakgrunn av ein grunngitt søknad.

Lenker:
Sentral forskrift:  https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-02-04-448?q=spesielle%20milj%C3%B8tiltak

Kontakt

Inge Bjørdal
Næringssjef