A-ordninga for arbeidsgjevarar - 2015

I januar 2015 skal alle arbeidsgjevarar levere a-meldinga. Meldinga erstattar fem av skjemaene som i dag vert levert til Skatteetaten, NAV og Stastistisk sentralbyrå.

Du bør førebu deg til ordninga allereie no.
Publisert av Eldar. Sist endra 11.11.2016
A-meldinga vil frå 2015 erstatte løns- og trekkoppgåve, årsoppgåve for arbeidsgjevaravgift, terminoppgåve, oppgåve for lønsstatistikk og melding til Aa-registeret
 
A-meldinga skal sendast elektronisk minst ein gong i månaden med opplysningar om alle ansatte sine arbeidsforhold og utbetalingar. A-meldinga kan sendast via løns- og personalsystemet eller registrerast manuelt i Altinn.
 
Gå gjennom rutinar, system og arbeidsfordeling allereie no for å sikre at du kan levere opplysningar om løn og ansettingar kvar månad.
 

Les mer om korleis du kan forberede deg på www.altinn.no/a-ordningen 

Kontakt

Ståle Anker Ljøen
Eigedomsskattekontor

Kart