Skatterekneskap og skatteoppkrevjarfunkjon

Skatteartar vi tek hand om er forhands-/etterskotsskatt, skattetrekk, arbeidsgjvevaravgift, forksotsskatt og restskatt.

Skattekontoret (tidlegare Likningskontoret) fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjar i kommunen teks seg av innbetalingar og innkrevjing.
Publisert av Eldar. Sist endra 11.11.2016

 Arbeidsgjevar skal sende inn oppgåve og oppgjer av forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift. Levering av terminoppgåver skal helst leverast via Altinn, eventuelt på papir til skatteoppkrevjar. Tilsvarande skal løns- og trekkoppgåver leverast i januar.

 
Skatteattest
Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt skatt og meirverdiavgift. Attesten skal ikkje vere eldre enn seks månader. Skatteattest er aktuelt for næringsdrivande som treng dokumentasjon på at dei driv ei seriøs verksemd. Som leverandør må du ha skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat og kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå dine leverandørar dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøper av varer og tenester.
 
Arbeidsgjevarkontroll
Skatteoppkrevjaren i Stranda kommune er medlem av Interkommunal arbeidsgjevarkontroll med Ålesund som vertskommune.
 

Kontakt

Ståle Anker Ljøen
Eigedomsskattekontor

Kart