Redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling i barnehagen

Dersom  foreldrebetalinga er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, skal du ha ein redusert pris.

Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen har ansvaret.

Kommunen skal refundere inntektstapet til dei private barnehagene der foreldre har fått vedtak om redusert foreldrebetaling.

Gratis kjernetid for 2-,3-, 4- og 5-åringer

Alle 2-,  3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bor i hushaldningar med lav inntekt,  har rett til å få 20 timer gratis opphaldstid i barnehage per veke.

Føremålet med ordningane er å innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagane.

Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling i SFO
Dersom  foreldrebetalinga er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, skal du ha ein redusert pris.
Ordninga gjeld for elevar på 1. og 2. årstrinn (foreslått utvida med  3.- 4.årstrinn frå 01.01.2021)

 

Søknadsskjema  finn du ovanfor.

Familiar med samlet personinntekt etter skatteloven kapittel 12, og skattepliktig kapitalinntekt under inntektsgrense fastsett av Stortinget kan søke om redusert foreldrebetaling. Barnehageplassen skal maksimalt koste 6 % av brutto inntekt.
 

  • Samla foreldrebetaling er for 11 månadar  
  • Kostpengar kjem i tillegg og vert fastsett av barnehagen/SFO
  • For å søkje om redusert betaling skal det fyllast ut søknadskjema.
    Det er hushaldninga si samla brutto inntekt som vert lagt til grunn. Skattefrie overføringar som    barnebidrag, kontantstøtte, barnetrygd m.m. skal ikkje inkluderast

 

Inntil søknad med dokumentasjon føreligg, står foreldrebetalinga uendra. Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at søknaden med alle vedlegg er motteke, og har ikkje tilbakeverkande kraft.

Berekningsgrunnlag:

Føresett som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Utrekningsgrunnlaget for redusert foreldrebetaling er hushaldninga si samla personinntekt og skattepliktig kapitalinntekt. Bur eit barn fast hjå begge føresette, skal foreldrebetalinga reknast ut i frå inntekta til den føresette som har same folkeregisteradresse som barnet. Det vil seie at berekningsgrunnlaget er inntekt frå føresett som søkjer og evt. ektefelle/sambuar/registrert partner, sjølv om denne ikkje er føresett til barnet. Foreldrebetalinga skal reknast ut  i frå hushaldninga si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Som ei hushaldning regnast ektefelle, registrert partnar og sambuar.

Hushaldningar som har hatt vesentlege varige endringar i inntekta si, i forhold til det som kjem fram av sjølvmeldinga, kan legge fram annen dokumentasjon på inntekta. Eksemplar på varige endringar er reduksjon av inntekter på grunn av samlivsbrot, langtids arbeidsledighet eller liknande. I slike tilfelle har ein også rett til å få behandla ein søknad om reduksjon i løpet av barnehageåret.

Dokumentasjon:

Foreldre som ønskjer å få vurdert om dei har rett til redusert foreldrebetaling, må søke kommunen om det. Søknaden skal dokumenterast med siste sjølvmelding(ar). Som hovudregel vil det vere inntekta som kjem fram av sjølvmeldinga som leggast til grunn ved utrekninge av reduksjonen. Dokumentasjonskrav for inntektsutrekning er siste års sjølvmelding. Dersom søkjar har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktig til å opplyse om disse, slik at inntektsgrunnlaget speglar den faktiske skattepliktige person- og kapitalinntekta. Skattepliktige kapitalinntekter er bl.a. renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og løsøre, leieinntekter, bruksrettigheter i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendelar. Skattefri overføringar som barnebidrag, kontantstøtte, barnetrygd m.m skal ikkje vere med.

Ordninga gjelder for private  / offentlige barnehagar og SFO, ansvaret for gjennomføringa er lagt til kommunen som skule- og barnehagemyndighet. Vedtak om redusert foreldrebetaling kan ein gje for eit barnehageår/skuleår i gongen.

Godkjent  dokumentasjon:

  • Alle foreldre/føresette skal levere kopi av siste sjølvmelding.
  • Er foreldre gift/sambuande skal det leverast inntektsdokumentasjon frå begge. Sambuar er regna når to har budd saman minst 12 av de siste 18 månadar eller har felles barn.
  • Bur barnet saman med ein forelder og den sin sambuar, skal det leverast inntektsdokumentasjon for både forelder og sambuar. Er forelder einsleg, skal det leverast dokumentasjon på inntekt, overgangsstønad og eventuelt andre skattbare inntekter.
  • Er forelder enke(mann), skal det leverast dokumentasjon på inntekt, etterlatenpensjon/barnepensjon og eventuelt andre skattbare inntekter.

Dersom du er arbeidstakar:

  • Kopi av siste sjølvmelding
  • Kopi av siste månads lønnsslipp eller
  • Ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der lønn kjem fram.
  • Ved permisjon utan lønn, skal dette dokumenterast.

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande:

  • Kopi av siste sjølvmelding
  • Bekrefting frå regnskapsfører/revisor på forventa inntekt
  • Hugs: Både personinntekt og næringsinntekt skal takast med i brekningen.

Dersom du er arbeidsledig:

  • Kopi av siste sjølvmelding
  • Kopi av siste utbetaling frå trygdekontoret/arbeidskontoret.

Dersom du er heimeverande:

  • Kopi av siste sjølvmelding
  • Skriv heimeverande i rubrikk for arbeidsgivers navn i søknadskjemaet.

Dersom du er student:

  • Kopi av siste sjølvmelding
  • Kopi av studentbevis eller
  • Bekrefting av skuleplass frå skulen.
  • Dokumentasjon på overgangsstønad.

Inntektsdokumentasjonen skal vere maksimalt 1 månad gammal.

Det vert ikkje gitt reduksjon i foreldrebetalinga med tilbakeverkande kraft.

Om du får medhald i søknaden, får du fråtrekk i foreldrebetalinga pr. månad.
 

Klagerett

Vedtak om fastsetting av foreldrebetaling for det enkelte barn kan påklagast til Fylkesmannen. Vedtaket kan påklagast når familien meiner at dei burde vore omfatta av ordning for familier med lav betalingsevne.

Klagen skal sendast via kommunen som må vurdere vedtaket på nytt i lys av klagen. Der kommunen opprettheld foreldrebetalinga, skal  klagen sendast til fylkesmannen for behandling. Reglane i forvaltningsloven gjeld for klagebehandlinga

Les meir om ordninga på udir sine heimsider.