Rett fyring

 Gode råd for rett fyring

Publisert av Intraadministrator. Sist endra 03.06.2016

 Fire råd for rett fyring:

 - Fyr med tørr ved. 
- Ikkje bruk tennvæske og liknande ved opptenning.
- Fyr med god trekk. Legg i litt av gongen då unngår du at flammane slår opp i skorsteinen og dannar sprekker eller brann. God forbrenning krev mykje luft.
- Unngå rundfyring. Full omn og attskruvd trekk dannar fort beksot. Resultatet kan bli sotbrann.
 
I tilfelle pipebrann:
Dersom sotbrann skulle oppstå, må ein straks stengje igjen alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Vær spesielt merksam på peisspjeld (spjeldet må ikkje stengast dersom det vert fyrt i peisen). 
 
Hald godt auge med loft og kjellar og vær oppmerksam på eventuell røykutvikling ved etasjeskille og stadar der treverket kjem inntil skorsteinen. Slokking må vi overlate til brannvernet. Etter brann må skorsteinen kontrollerast av feiarvesenet.
 
Tøm ikkje oske i pappeske eller plastpose. Oska kan være varm i lang tid etter at omnen har slokna.
 
Fleire røykvarslarar anbefalast.
Dersom bustaden din er stor eller har fleire etasjar, bør du ha fleire røykvarslarar. Det anbefalast minst ein røykvarslar i kvar etasje. 
 
Røykvarslarane bør være samankopla slik at varslinga skjer samtidig. Alle i huset vil då kunne bli varsla om brann i ein annan etasje. Dersom du vil kople saman røykvarslarane, må du skaffe varslarar som er meint for dette. Samankoplinga er enkel, så dette kan du gjere sjølv. 
 
Born vaknar ikkje av røykvarslaren!
Ekstra røykvarslarar i eller utanfor barnerommet burde gi ein ekstra tryggleikt. Det viser seg derimot at mange born ikkje vaknar av alarmen.
 
Bergen Brannvesen gjennomførte ein test saman med TV2 for å undersøke korleis barn som søv reagerar på alarm frå røykvarslaren. Resultatet var urovekkande!
 
Fire barn var med i undersøkinga. Jonas (8), Andrea (6), Lise (7) og Erika (10). Alle var sikre på at dei ville høyre brannalarmen: - Eg er vand med å vakne av mi eiga vekkarklokke, seier Erika og demonstrerar korleis den ringer.
 
To timar etter leggetid blei to røykvarslarar heime hos Andrea og Jonas sett på. Andra let seg ikkje vekke av den sterke pipelyden. Jonas vaknar etter to minutt, men er forvirra. Hos Lisa og Erika skjer det same: Erika vaknar først etter fleire minutt, fortumla og desorientert. Lisa vaknar ikkje i det hele tatt. Barn søv svært tungt. Dei har ein fantastisk høg vekketerskel, særleg dei tre første timane på natta, seier professor i fysiologi Reidun Ursin til TV 2.
 
Slokkeutstyr
 I 1990 ble det vedtatt at alle bustadar skal ha eigna slokkeutstyr. Med bustadar meinast leilegheit, rekkehus, privatbustadar, hyblar og hytter. 
 
Det er eigaren av bustaden som har ansvaret for å skaffe og montere slokkeutstyr. Det er brukaren av bustaden som har ansvaret for å kontrollere at utstyret er i orden. Eigna slokkemiddel er husbrannslange eller et 6 kilos pulverapparat. Det beste er å ha begge delar. 
 
Vatn er fint til å slokke brannar i møblar og treverk med. Når det gjeldhusbrannslange er det anbefalt å kjøpe ein type der du ikkje treng å rulle ut heile slangen før du skrur på vatnet. Slangen bør være fast montert til ein krane og skal rekke til alle rom i huset. Ein hageslange montert utvendig eller i garasjen er ikkje godkjent som husbrannslange.
 
Vatn kan ikkje brukast mot brann i fettgryte, bensin og andre flytande stoff. Brann i fettgryte kan lett slokkast ved å leggje på grytelokket. Trekk gryta vekk frå plata og skru av straumen. 
 
Eit pulverapparat er lett å ta med seg og effektivt mot flammane. Pulverapparat kan brukast på alle typar brann. Det blir imidlertid tømt på omlag 20 sekund. Både husbrannslange og pulverapparat skal monterast lett tilgjengeleg. 
 
Det er viktig å vedlikehalde og kontrollere slokkeutstyret. Husbrannslangen bør kontrollerast kvart år. Rull ut heile slangen og kontroller at kranen fungerar og at slangen er utan sprekkar. Handslokkeapparatet kan du kontrollere med å sjå om manometerpila står på det grøne feltet. Gjennomføringa bør skje ein gong pr månad. Ein gong i året blir du vende apparatet opp ned for å unngå at pulveret klumpar seg.