Renovasjon

 Her finn du generell infomasjon om abonnement for hushaldsrenovasjon, renovasjon for hytte- og fritidsbustader, returordningar for glas- og metallemballasje, papp, papir, plast og drikkekartong, samt informasjon om landbruksplast. Bruk linkane under for nærare informasjon om tenestene. Vi gjer merksam på at dunkar/sekkar skal vere ute før kl 06.00 om morgonen.

Publisert av Eldar. Sist endra 05.07.2016

Føremålet med tenesta:

Stranda kommune skal ha ei robust og fleksibel renovasjonsordning, som tek i vare innbyggjarane sine behov og ønskje på ein tilfredsstillende måte.

Hushaldsrenovasjon:

Her kan du finne informasjon om kva type abonnement vi kan tilby og informasjon om kva for dag det er innsamling i dei ulike bygdelaga.

Hytterenovasjon:

Stranda kommune har innført tvungen renovasjon for hytter og fritidsbustader. Innsamlingsordninga er basert på eit bringesystem med eigne innsamlingseiningar for restavfall. For hytte- og fritidsbustader i tettbygde strok, følgjer desse dei ordinære renovasjonsrutene. Desse abonnentane leverer i merka renovasjonssekkar.

Kompostering:

Abonnentar som har hageareal som er eigna for bruk til kompost, kan inngå avtale med kommunen om heimekompostering av våtorganisk avfall. Det må vere godkjende kompostbingar. 
Les meir om temaet i linken Forskrift hushaldsavfall §7 og i filene om kompostering av organisk avfall og hageavfall.

Glas- og metallemballasje:

I bygdelaga er det plassert ut containarar for glas og metallemballasje frå hushaldningar. Det er ikkje nødvendig å skilje mellom farga og klart glas.

Ver vennleg ikkje kast glas frå vindauge, lysstoffrør, porselen og keramikk i innsamlingsbehaldarane. Det same gjeld gamle strykejern, sykkeldelar og anna jern og metall. Slikt avfall er med på å redusere verdien av emballasjen som skal gå til gjenvinning.

Det er meininga at containarane etter kvart skal inngå som del av i eit meir heilskapeleg miljø i sentrum av bygdene.

Miljøcontainer for spesialavfall:

I miljøcontainaren skal du leggje avfall som lysstoffrør, batteri, løysemiddel, spillolje, måling, sprayboksar, lim etc. frå hushald. Ver vennleg ikkje legg ved anna avfall enn det ordninga er meint for.

Papp, papir, plast og drikkekartong:

Retur av drikkekartongar og plast vert henta samtidig med papirinnsamlinga. Papiret skal leggjast i dunk med blått lokk. Plast vert samla i eigne plastsomar som ein set ved sida av papirdunken ved levering.

Posar til plastinnsamling skal vere knytt igjen.

Ver vennleg ikkje legg ved anna avfall (isopor, trevirke og liknande).

Landbruksplast:

Stranda kommune har fast innsamling for landbruksplast ein gong for året (vårsesongen).

Informasjon kring ordninga blir kunngjort i lokalavisa, på kommunen si heimeside og som informasjon på avfallskalenderen som årleg blir utdelt til alle husstandene.