Vassmålar

Installasjon av vassmålar kan krevjast både av kommunen og hushaldsabonnentar. Næringsabonnentar inkl. gardsbruk samt offentleg verksemder skal ha vassmålar. 

Publisert av Eldar. Sist endra 15.09.2017

Målgruppe

Bustadabonnentar, næringsabonnentar.

Kriteria/vilkår.
Installering av vassmålar er meldepliktige. Den som ønsker slik installasjon må kontakte et godkjent føretak (rørleggjar). Føretaket tek kontakt med kommunen og får utlevert vassmålar. Installasjonen skal kontrollerast, plomberast og godkjennast av kommunen. Når vassmålaren er plombert, skal ikkje plomben røyrast eller vassmålaren fjernast.

Pris for tenesten.
Huseigar betalar for arbeidet med installering. Øvrige kostnader forbunde med vassmåler (inkludert innkjøp og framtidig utskifting av målar) dekkast via årsgebyra inkl. vassmålarleige.

Huseigars ansvar.
Huseigar skal holde vassmålar lett tilgjengelig for avlesing og vedlikehald. Er målaren borte eller skada skal du omgåande gje melding til kommunen. Huseigar har ansvar for vedlikehald.

Avlesing av vassmålar.
Avlesing av vassmålar skjer gjennom eiga avlesingsskjema som blir utsendt til abonnentane.

Dersom avlesinga ikkje vert utført til bestemt tid, kan kommunen berekne forbruket, eller sjølv foreta avlesing. Dersom kommunen skal lese av målaren, må kostnaden berast av abonnenten. Det anbefalast å lese av vassmålaren ofte slik at ein oppdagar t.d. vasslekkasjar eller andre feil tidleg.

Meldeskjema og kostnader.
Meldingsskjema og anna informasjon kjem fram i link under artikkelen.

Ansvarleg eining.
Kommunalteknikk.

Rettleiing søknadsprosess.
For verksemder som er pålagt installsajon av vassmålar skal melding behandlast i næringsavdelinga i samband med byggesak. Melding frå andre som ønsker å installere vassmåler, blir behandla av kommunalteknikk. Søknad skal sendast eller leverast servicekontoret. Informasjon og rettleiing kjem fram av meldingsskjema.

Kontakt

Kristian Dyb
Ingeniør VA/veg