Vatn og avløp

Stranda kommune eig og driftar Stranda vassverk, Geiranger, vassverk og Hellesylt vassverk. Liabygda vassverk er privateigd. Vasskvaliteten blir jamnleg kontrollert gjennom vassprøvar etter eiga program.

Publisert av Eldar. Sist endra 15.09.2017

 Drikkevassanalysar.

Det er for tida Eurofins avdeling Måløy som står for analyse av drikkevasskvaliteten i Stranda kommune. Under eksterne linker finn du oppdaterte resultat av drikkevassprøvene.
 
Avløp.
Dei fleste husstandar og verksemder i sentrumsnære område og bygdelag er tilknytt eit offentleg avløpsnett. Dei som har eigedomar nær inntil kommunale leidningsnett kan bli pålagde å kople seg til.
 
Når du skal etablere eit utslepp av sanitært avløpsvatn, eller vil auke eksisterande utslepp vesentleg, må du søke kommunen om utslippsløyve (sjå søknad utslepp avløpsvatn).
 
Vassmålar.
Etter gjeldande forskrift om vass - og avløpsgebyrer med gebyrregulativ for Stranda kommune, kan både abonnenten og kommunen krevje installasjon av vassmålar. Næringseiegedommar inkl. gardsbruk og offentleg verksemd skal ha vassmålar. Sjå eiga artikkel for nærare opplysningar samt søknadsskjema.
 
Tilknyting til offentleg leidningsnett.
 
Slam.
Slamtøming i Stranda kommune blir for tida utført av Miljøservice AS i Stryn. Miljøservice AS har faste ruter for tøming av slamavskiljarar og du vil få melding i god tid før tømming.
 
Det er oppretta ein eiga database for ditt abonnement. Der kan du finne nyttig informasjon om t.d. storleik og type tank, tømetider, rettleiing for ulike problemstillingar m.m. Sjå ekstern link for ditt slamabonnement.

Kontakt

Kristian Dyb
Ingeniør VA/veg