Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Kulturmidlar

Kulturmidlar

Frivillige lag og organisasjonar kan søkje tilskot frå Stranda kommune. 
Søknadsfristen er 1. mai. 

Formålet med kommunale tilskot er å stimulere aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar, og å støtte kulturtiltak i regi av einskildpersonar og organisasjonane.

Tilskot kan gå til organisasjonar som driv idrett, musikk, anna ungdomsarbeid og andre kulturformål. 

Den som søkjer skal ha hovuddelen av sitt arbeid i kommunen eller arbeidet skal vere retta mot innbyggjarane i kommunen.

Årsmelding og rekneskap for forige år skal om mogleg sendast med søknaden, i tillegg til budsjett og medlemsliste. Ta kontakt med kulturleiar dersom de ikkje kan legge ved desse dokumenta.

Bruk elektronisk søknadsskjema - Lenke til skjema

NB! Søknadsfristen er 1. mai 

For meir informasjon om ordninga, sjå retningslinjene: Retningslinjer kulturmidlar (DOC, 32 kB)