Bakgrunnen er grensejusteringa mellom Stranda og Fjord kommunar frå 1. januar 2027 og
behovet for å tilpasse det lokale forskriftsverket til den nye kommunegrensa. Kommunen nyttar
samtidig høvet til å samle tre eksisterande forskrifter i éi forskrift.
Forslaget omfattar:
- opning av jakt på hjort og rådyr
- minsteareal for hjort og rådyr
- fellingsavgift for hjort
- bruk av restlysforsterkare og termiske siktemål ved jakt på hjort
Forslaget inneber i hovudsak ei samordning og forskriftsteknisk oppdatering av gjeldande føresegner. Det vert ikkje lagt opp til ein ny fagleg gjennomgang av gjeldande minsteareal, fellingsavgift eller ordninga med bruk av restlysforsterkare og termiske siktemål.
Merknader til forslaget kan sendast til Stranda kommune på e-post til: post@stranda.kommune.no
Merk høyringssvaret med «Høyring – samla jaktforskrift».
Høyringsfrist: 04.12.26
Etter høyringa vil innkomne merknader verte vurderte før saka vert lagd fram for endeleg politisk handsaming.
Lenke til forskrift og saksutgreiing: