Høyring - Mellombels endring av alkohollova sine føresegner om maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar 2026 - Stranda kommune

Høyring - Mellombels endring av alkohollova sine føresegner om maksimaltid for skjenking under fotball-VM for herrar 2026

Stranda kommune sender ut på høyring forslag om mellombels endring av lokal forskrift opningstider for serveringsverksemder.

Endringa gjeld utviding av maksimal skjenketid frå kl. 03:00 til kl 06:00 i samband med fotball-VM for herrar 2026 i perioden 11. juni - 19. juli 2026.

Det blir teke atterhald om at Helse- og omsorgsdepartementet vedtek si føreslåtte mellombelse endring av alkohollova si føresegn om maksimal skjenketid i perioden 11. juni til 19. juli 2026.

Uttale sendast til post@stranda.kommune.no eller Stranda kommune Øyna 13 6200 Stranda
Høyringsfrist: 25. mai 2026

Lenke til høyringsdokument

Alle interesserte kan uttale seg.