Offentleg høyring – Lauvskogstrategi for Stranda kommune 2026–2036
Stranda kommune legg med dette fram forslag til Lauvskogstrategi for Stranda kommune til offentleg høyring og ettersyn. Strategien er utarbeidd som eit grunnlag for framtidig forvaltning og utvikling av lauvskogressursane i kommunen.
Høyringsspørsmål:
- Korleis bør Stranda kommune balansere omsynet til verdiskaping, arbeidsplassar, karbonbinding, klimatilpassing i den framtidige skogforvaltninga?
- Kva kan kommunen gjere for att lauvskogressursane og skogareala forvaltast og utnyttast betre for å skape auka lokal verdiskaping, fleire arbeidsplassar og høgare ressursutnytting?
- Kva rolle bør treslagsskifte og aktiv forynging ha i lauvskogstrategien, og på kva areal meiner du slike tiltak kan vere aktuelle?
- Kvifor blir lauvskogen i liten grad forvalta og skjøtta i dag?
- Kva tiltak meiner du vil ha størst effekt for å auke verdiskapinga frå lauvskogareala, inkludert bruk av trevirke, bioenergi, vidareforedling og nye marknader?
- Kva legg du i omgrepet berekraftig skogbruk?
- Bør kommunen arbeide for nye inntektskjelder, som karbonbinding og klimamarknader, og er det andre tiltak som bør innarbeidast i strategien?
Høyringsfrist
Frist for å sende inn merknader er 1/11-2026.
Innspel kan sendast til:
Stranda kommune
Øyna 13
6200 Stranda
eller per e-post til:
post@stranda.kommune.no
Merk innspelet med: «Høyring – Lauvskogstrategi»
Høyringsdokument: