1. desember er det røykvarslarens dagHusk og bytte batteri som har god kvalitet og test røykvarslaren.Husk å gje alle du er glad i ei påminning om å gjere det samme.Tidleg varsel er eit av dei viktigaste kriteria for å unngå personskadar ved brann. Publisert av Intraadministrator Publisert 29.11.2019 09.06 Viktig:- Monter røykvarslaren i taket.- Det er krav til ein røykvarslar i kvar etasje. Når ein har fleire røykvarslarar bør desse koblast saman.- Sjekk at du kan høyre røykvarslaren når du er på soverommet, dei fleste dødsbrannar skjer om natta.- Test funksjonen kvart kvartal ved å trykke inn knappen på røykvarslaren.Aksjon bustadbrannDen 2.-4. desember besøker det lokale feiarvesenet, med tilbod om gratis sjekk av bustaden. Det dreier seg ikkje om eit tilsyn i vanleg forstand, men om ein enkel kontroll med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på.Kvart husbesøk tek cirka 30 minutt med kontroll av følgjande forhold:- Varslingsutstyr- Sløkkjeutstyr- Elektriske apparat og anlegg- Eldstader og skorstein- Rømmingstilhøve Sjå også lenke:www.dsb.nowww.brannvernforeningen.nowww.elsikkerhetsportalen.no