35 utrykkingar til nattbrannar i Møre og Romsdal

Tre gongar i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Møre og Romsdal. No står brannhøgtida for døra igjen.

Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No bed brannsjefen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier Inge Teigen, brannsjef i Stranda kommune.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, seier Malin Pålsson, feiar i Stranda  kommune.

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

- Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier Malin.

Lokale arrangement
Formiddagen fredag 29 november er Stranda Brannvern at finne på stand på Rema1000.

På måndag den 2. desember til og med onsdag den 4. desember er vi på besøksrunde til dei som vil ha en prat om brannsikkerhet i heimen, då gjerne eldre personar.

Om du vil ha besøk av Stranda Brannvern, vil vi gjerne at dykk tek kontakt.
www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt:
Malin Påsson, feiar  tel: 46411036  E-post: malin.palsson@stranda.kommune.no

Fakta:
Totalt har brannvesenet rykt ut 907 gongar til bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i løpet av 2018.
Talet på bustadbrannar på natta per fylke:

Fylke

Tal

Oslo

207

Trøndelag

75

Hordaland

69

Akershus

58

Rogaland

58

Vestfold

50

Vest-Agder

45

Nordland

43

Østfold

41

Oppland

38

Buskerud

36

Møre og Romsdal

35

Aust-Agder

34

Telemark

32

Finnmark

28

Hedmark

26

Troms

20

Sogn og Fjordane

12

Totalt

907