ÅKP Startup-program

  

Orientering om nytt ÅKP Startup-program i september.

Programmet er tenkt gjennomført på ÅKP – Blue Innovation Arena på NMK.

(Skulle vi få stor lokal interesse kan vi sjå på å gjennomføre eit program lokalt).

ÅKP gjennomførte i første halvår tre kull av startup-programmet, der den siste var ein digital versjon via Teams. Det fungerte på eit vis, men ikkje so godt som ved felles -samlingar.  Gruppedynamikken får ein ikkje fram via digitale flater.

Vi satsar difor på ein fysisk «kohort» som det no heiter.  Ei slik mindre gruppe (under 20 personar) skulle gå greitt med gjeldande reglar for smittevern.

Tidlegare har vi akseptert inn litt enklare cases med meir lokalt marknadsfokus, men vi strammar no inn nålauget og siktar oss framover inn mot meir nystarta verksemder eller prosjektidéar som kan kvalifisere til inkubasjon etterpå, ref. også SIVA sine retningsliner for opptak til inkubatorordninga.

- I korte trekk betyr det prosjekt med nasjonal og internasjonalt potensiale, ref. og dei klare vilkåra for tilskot hjå Innovasjon Norge .

Vi ser at relativt nystarta verksemder har behov for å sparre på dette med marknadsavklaring. Programmet høver difor godt til desse eller dei som har planar om å starte.

Startup-programmet går over 5 halve dagar mellom 1130 og 1600, og er på grunn av SIVA-ordninga vederlagsfritt for deltakar.

Lunsj /mat er og inkludert.

-Vi tipsar om at Hoppid.no-midlar og bør kunne nyttast som stønad til td. transport/parkering eller eksterne konsulentar knytt til arbeid med caset.

Datoer er sett måndagar;  7, 14, 21, 28 september, samt 5 oktober – 1130-1600 alle dagar.
Skulle det gå treigt på påmelding – kan vi skubbe starten til den 14 og ta det derifrå.

Innhaldet i og føremålet med ÅKP Startup er å lære meir om og å ha fokus på det viktige men ofte litt neglisjerte «marknadsavklaringsarbeidet». 

-Vi nyttar M I T i Boston sin anerkjende metodikk, «24 steps for a successful startup»,  og vi ser og på Osterwalders Business model canvas og andre relevante verktøy.

Siste dagen har vi gjesteforelesingar med relevante eksterne kapasitetar.

I all hovudsak er ÅKP Startup eit «idè og marknadsavklaringsprogram» som gjerne går parallelt med / litt i forkant av Innovasjon Norges – «Marknadsavklaringsfase».

Målsetjinga er å bidra til at dei verksemdene som startar opp skal vekse og lukkast til det beste for både dei og regionen vår.

Kontaktperson ÅKP: Robert Voldnes, Tlf. 906 58 517