«Lammeterapi» på Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen.
Tradisjon tru har vi i år igjen hatt fint besøk frå Habostad. Det var til stor begeistring for alle at vår sjukepleiar Jorunn Rørhuus-Øie som også er bonde, tok med tre kopplam til Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen.
Det er så trivelig å sjå kor dei eldre lyser opp og fortel om minner både frå barndom og yrkesliv.
Dei tre lamma som kom på besøk i år var usedvanleg rolege og søvna i fanga til nokre av dei eldre. Det eine lammet var av rase spelsaud og fekk tildelt namnet «krølltoppen» frå ein tidlegare bonde. Veldig kjekt med mykje god prat i hagen i fint ver.
Eit lysglimt i kvardagen dette!