Årets vinnar av Frivillighetsprisen 2025

Stranda kommune v/Stranda Frivilligsentral og vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Møre, vil med Frivillighetsprisen heidre personar eller organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats innan det frivillige arbeidet gjennom ei årrekkje i Stranda kommune.

Prisen skal vere eit bilete eller maleri av ein kunstar med lokal tilknyting til Stranda Kommune.  I år er det eit maleri av Malin Mathisen med røter frå Stranda.

Styret i Stranda Frivilligsentral er jury for prisen. Marianne Fivelstad er leiar for juryen, saman med Anita Langeland, Katrin Blomvik Bakken, Odd Hågen Moen, Leif Inge Salte, Greta Buloviene og Jan Håkon Vikane. 
Dagleg leiar ved sentralen, Ragnhild Stadheim, er sekretær for juryen.
 

Marianne Fivelstad vil lese opp grunngjevinga for årets vinnar.
Årets vinnar er eigentleg to. Person og organisasjon. Dei er nesten likevel som ein. 

Organisasjonen viser til stor aktivitet med møter, turar, arrangement, markering av Eldredagen kvart 4.år og bidrag til kulturelle og musikalske opplevingar.

Dei har nærare 500 medlemmar og feira 50 år i 2023. Laget har som formål  å samle pensjonistar i  Stranda i eit aktivt lag som skal verne om pensjonistane sine levekår, sosiale, økonomiske, helsepolitiske, kulturelle og samfunnsmessige interesser.  
Det er eit mål at pensjonistar kan bu lenger heime – trygt. 

Leiaren, Jens Petter Jelle, også kalla Jeppe, har leia organisasjonen trygt dei siste 12 åra.

Han sit også som leiar av Stranda sitt Eldreråd.

Under hans leiing har laget kontinuerleg vakse seg større og større og sidan 2016 når møta blei flytta til Kulturhuset deltek mellom 140-200 medlemmar på møta kvar månad. Det er svært imponerande!

Jeppe har stått i bresjen for måndagskafeen, eit godt og sosialt trivelsestiltak for eldre. Han har bidrege aktivt i å arrangere bussturar og med sine evner stadig klart å få rabattar og gode avtalar om prisar og tilbod.

Medlemmane i Pensjonistlaget nyter godt av alle dei ulike rabattavtalane Jeppe har klart å ordne i stand. Vi har blitt oss fortalt at dei pr. no har 21 avtalar med avslag på 10 – 30 prosent frå  bilverkstad, el-forretningar og butikkar til frisørsalongar og hotell. Imponerande!

Jeppe er også veldig oppteken av å spreie kunnskap og informasjon vidare til medlemmane og har invitert inn mange ulike fagpersonar til å halde innlegg på ulike tema som banktenester, folkehelse, demens,  branntryggleik, straumprisar, trafikktryggleik for å nemne noko.
Og mat, musikk og underhaldning må det også vere på møta.

Han har stått på og jobba for å synleggjere Pensjonistlaget og sakene dei jobbar for utover kommunegrensene også og engasjert seg både på fylkesnivå og nasjonalt.

Det er sjølvsagt ingen overraskelse då at årets Frivillighetspris 2025 går til Stranda Pensjonistlag og Jens Petter Jelle!