Søknadsfrist for barnehage og SFO er 1. mars 2024

07.02.2024 10.44

Auka produksjonstilskot til bønder i Møre og Romsdal

I februar fekk 2319 jordbruksføretak her i fylket utbetalt til saman 984,8 mill. kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot.

Publisert 23.02.2023

Vi nærmar oss ein milliard kroner i samla utbetaling av produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Utbetalinga i februar er basert på søknadsomgangen 2022, dvs. tal for husdyr, areal, mengder og avløysarutgifter i kalenderåret 2022. Samla tilskot vart 984,8 mill. kroner, ei auke frå 755,6 mill. kroner i 2022. Den direkte årsaka til auken er jordbruksoppgjeret i fjor, der det vart ei betydeleg auke i overføringane.

Talet på føretak som har fått utbetalt produksjonstilskot og/eller avløysartilskot var 2319, ein nedgang frå 2355 i fjor og 2387 året før det. Dette har vore ein stabil trend svært lenge.

Husdyr

Innan enkeltproduksjonar kan det vere ulik utvikling. Talet på mjølkeprodusentar har gått jamt nedover. Pr. oktober 2022 er talet 603, mot 619 i 2021 og 635 i 2020. Talet på mjølkekyr har over tid også gått ned, men siste 10 åra har det vore berre små endringar. Vi har no ca. 18 800 mjølkekyr og ei middels mjølkekubesetning er på 31 kyr.

317 føretak har ammekyr i 2022 og det er totalt 5 100 ammekyr. Talet på ammekubesetningar har vore jamt dei siste åra. Det var 313 med ammekyr i 2021 og 316 i 2020. Talet på ammekyr har stige jamt, det var 4 891 i 2021 og 4 683 i 2020. I fjor var det 16 ammekyr i ei middels ammekubesetning. Om lag 75 % av ammekyrne er av minst 50 % kjøtferase.

1010 føretak har sau i 2022. Til saman har desse litt over 53 000 sauer. Dei siste 10 åra har sauetalet variert mellom ca. 47 000 og ca. 55 000. Talet på føretak med sau har vore relativt stabilt dei siste 5 åra. Det var ein jamn, langvarig nedgang fram til 2013, deretter eit byks opp i 2014 med ein topp i 2016. Det året var talet på sauebønder oppe i 1048, mot 976 i 2013. Det er 52 sauer i ei middels besetning.

Det er 24 mjølkegeitbesetningar i fylket, med til saman ca. 4 200 geiter. Talet på både føretak og geiter har vore nokså stabilt dei siste 10 åra, men tydeleg nedgang før det.

Areal

Ca. 96 % av arealet er grasareal og knytt til husdyrproduksjon. På det resterande arealet er det produksjon av korn, poteter, gulrot, frukt og bær.

I 2022 var det 75 kornprodusentar med til saman litt over 9 900 daa korn, der det var bygg på det aller meste (92 %). Kornarealet har gått jamt nedover og det har vel aldri vore så lite kornareal her i fylket. Det var 10 300 daa i 2021 og 11 800 daa i 2020. Det var over 20 000 daa med korn fram til 2007, etter det har arealet gått jamt nedover.

52 føretak har potetproduksjon på totalt nesten 1 800 daa. 36 av desse 52 føretaka har potetproduksjon primært til eige bruk, evt. i kombinasjon med lokalsal (mellom 1 og 6 daa), og er spreidd rundt om i fylket. 16 føretak har større areal med poteter, med ein viss konsentrasjon i Sunndal kommune. Både tal føretak med poteter og potetarealet har vore nokså jamt over tid.

24 føretak har grønsaksproduksjon på totalt ca. 470 daa. Det aller meste av dette arealet er brukt til gulrotproduksjon på Smøla, men fordelt på berre 5 føretak. Resterande 19 føretak har mellom 1 og 6 daa og er spreidd rundt om i fylket. Grønsakproduksjonen i fylket har også vore nokså jamn over tid.

Fruktproduksjonen har gått litt opp i seinare tid, både i produsentar og areal. 25 føretak har fruktproduksjon på til saman nesten 400 daa. Arealet var i underkant av 300 daa for 2-3 år sidan. Det meste av arealet er brukt til eple eller plommer, men det er også litt morellar og pærer.

32 føretak har produksjon av bær på til saman ca. 770 daa, der det aller meste er brukt til jordbær. Bærproduksjonen har gått litt ned dei siste 2-3 åra. Arealet for 2-3 år sidan var litt over 1000 daa.

(Kunngjeringa er frå Statsforvaltaren).