Avslag på søknad om turiststad

Kommunestyret gjorde den 28.01.26 vedtak om å be Statsforvaltaren godkjenne heile Stranda kommune som typisk turiststad etter lov om heilagdagar og heilagdagsfred § 5, fjerde ledd.

No har Statsforvaltaren gitt avslag på søknad om endring i forskrift  for “typisk turiststad” i Stranda.

Statsforvaltaren vurderer at ei utviding av forskrifta om «typisk turiststad» ikkje er aktuell for heile Stranda kommune. 
I Liabygda finst det ingen daglegvarebutikk, både Geiranger og Hellesylt har allereie denne statusen.

For Stranda sentrum er kundegrunnlaget stort nok gjennom heile året til å drive butikkane utan søndagsopning. Auka handel i turistsesongen er vanleg for dei fleste kommunar og ikkje eit grunnlag for unntak.
Dagens lovverk gjev dessutan rom for lange opningstider på laurdagar og moglegheit for små utsalsstader under 100 m² å halde ope på søndagar. Serveringsstader, bensinstasjonar, campingkioskane i sesong og utsal av lokale varer har òg søndagsopning gjennom eigne unntak.

Statsforvaltaren meiner difor at vilkåra ikkje er oppfylte for å gje heile Stranda kommune status som typisk turiststad. 

Les vedtaket frå Statsforvaltaren her (PDF, 65 kB)