Behov for ekstra SMIL-midlar?

 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har sendt melding til kommunane om at vi må melde inn ubrukte midlar og/eller hehov for ekstra midlar til SMIL og drenering.

Eg må melde inn dette innan onsdag 25. mai. Dette betyr at eg må ha innspel seinast 23.05.

Det er ingen tidsfrist på på søknader om drenering, og her har Stranda kommune ein unytta pott som vil bli trekt inn dersom den ikkje vert nytta.

For SMIL har vi ingen ledige midlar og difor ikkje noko vi kan avlevere for bruk i andre kommunar.

Men skulle det derimot verte noko til fordeling vil Statsforvaltaren gjere dette innan 1. juni.

Dersom Stranda kommune skal ha håp om å få tilført ekstra midlar er eg avhengig av at eg kan melde inn det dei kallar gryteklare prosjekt. Dette betyr igjen at de må søkje på vanleg måte. Skulle vi få tildelt noko ekstra vil kommunen gjere ei prioritering, og det mest naturlege vil då vere å løyve i den rekkje følgje dei kjem inn.

Dersom det kjem inn søknader før fristen, vil eg summere opp behovet i ein tabell og i prioritert rekkjefølgje.

Skulle vi ikkje få noko ekstra til Stranda, vil desse søknadene bli handsama ved påfyll av midlar i 2022.