Besøk av Statsforvalteren i Møre og Romsdal Onsdag 16. mars var den nye Statsforvalteren i Møre og Romsdal Else-May Norderhus på besøk i Stranda kommune Besøket starta med møte mellom administrasjonen og statsforvaltaren -Utfordringar og moglegheiter i Stranda kommune -Vidare arbeid med oppfølging av berekraftsmåla -Samfunnstryggleik og beredskap Statsforvalteren ønskte også å helse på og snakke med leiaren Ungdomsrådet Emma Fjellanger. Både statsforvalteren og leiaren i Ungdomsrådet deltok i kommunestyret same dag. Leiaren i Ungdomsrådet formidla ønskje om fokus på følgjande område Kollektivtilbodet Ungdomsklubb i Stranda Positivt for Stranda med oppretting av ny linje på Stranda VGS - Naturbruk