Brannvernveka 2020

 

Mange småbarnsforeldre har ingen plan når brannalarmen går

Når det startar å brenne står nær halvparten av småbarnsforeldre utan nokon plan for å få barna i tryggheit, viser ei ny undersøking.

-Vi har i fleire år hatt fokus på å ha brannøvingar heime, og at alle bør ha ein plan på kva ein skal gjere i tilfelle brann. Det er ikkje utan grunn, seier Lillian Aasheim feiarformann i Stranda Brannvern.

Ei ny undersøking syner at 42 prosent av familiar med barn i alderen 0-12 år ikkje har diskutert korleis dei skal evakuere barna ved ein brann. Om ein vert ramma av ein omfattande brann blir det heile veldig kaotisk og dramatisk, og det kan vere vanskeleg å få oversikt over om alle har kome seg trygt ut. Difor er det så viktig å ha snakka om kva ein skal gjere på førehand, og ha avtalt ein møteplass ute.

-Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Lillian Aasheim

I den nasjonale Brannvernveka, veke 38 kvart år, er det mange i heile landet som er engasjert i brannøvingar og andre aktivitetar som bidreg til økt brannsikkerheit. Hausten markerer inngangen til ei tid på året då antal boligbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av auka straumforbruk og  bruk av levande lys.

Ingen Åpen brannstasjon

- Normalt ville vi under Brannvernveka invitert små og store til Open brannstasjon her i vårt område. Men av smittevernomsyn blir det dessverre ikkje slik i år. Vi vil difor understreke viktigheita av at folk engasjerar seg på heimebane, og tek dette med brannsikkerheit på alvor heime i eigen bolig, seier Lillian Aasheim.

Det er mange ting ein kan gjere for å auke tryggleiken, og redusere sannsynligheita for brann i heimen:

  • Ta ein prat med heile familien, f.eks ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra varsam med for å unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel tek til å brenne.
  • Ha brannøving
  • Bli einige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt
  • Sjekk ut ulike rømningsvegar
  • Røykvarslar og sløkkjeutstyr må sjekkast jamnleg, også i Brannvernveka

 

 

 

 

 

 

 

Ha brannøving heime!
Bli med å ha brannøving heime i veke 38. Mange skular og barnehagar har brannøving denne veka, gjer det heime også!
Meld deg på her, så får du informasjon om korleis ei brannøving kan gjennomførast: https://brannvernforeningen.no/brannovelse

 

 

 

Digital Open dag 19.09.

Vi inviterer alle barn til ein digital open brannstasjon på Facebook og YouTube med Brannbamsen Bjørnis som vert. I sendinga laurdag 19.09.20 kl. 1100, vert det innslag frå fleire brannstasjonar i Noreg der sjåarane får vere med på sløkkjeøving, redning frå stigebil, teste ut brannslangar og mykje anna moro.

Om undersøkinga

Tala kjem fram i ei fersk befolkningsundersøking gjennomført av Kantar i perioden 28.08.-07.09.2020, på vegne av Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Lillian Aasheim Feiarformann
liaa@stranda.kommune.no
464 11 043

 

For spørsmål om den nasjonale Brannvernveka, kontakt:

Mari Bræin Faaberg, avdelingsleder Samfunnsansvar i Norsk brannvernforening
Tlf.: 940 57 640, mbf@brannvernforeningen.no