Bruk av eingongsgrill

Vær alltid forsiktig og bruk hovudet når du gjer opp eld utandørs. Er du i tvil om det er trygt å gjere opp eld, er det bedre å la vere. Husk at du alltid er ansvarlig når du tenner eld, uansett kor du er og når på året det er.

Husk at det er forbode å bruke åpen eld (gjeld også eingongsgrillar) i og i nærleiken av skog og utmark frå 15. april til 15. september. Unntaket er hvis det åpenbart ikkje kan føre til brann.

Eingongsgrillar står for over 50 % av alle brannar forårsaka av grilling. Ofte fordi at eingongsgrillen blir plassert direkte på brennbart materiale, som gras eller plattingar. Eingongsgrillar må plasserast på eit ikkje-brennbart underlag og må stå stødig.

Ein annen hyppig brannårsak er at eingongsgrillar kastast eller forlatast før dei er skikkeleg sløkkt. Når du er ferdig å grille skal du sløkke grillen med rikelege mengder vatn, men det tek fortsatt tid før grillen er skikkeleg avkjølt og kan kastast – men kast den for all del ikkje i naturen! 

Når du skal grille med eingongsgrill:

Sett grillen på eit brannsikkert underlag. Sett aldri grillen rett på bakken eller treplattar.

Sikre god avstand til anna brennbart materiale.

Hald oppsyn med grillen.

Barn skal aldri være ålene eller leike i nærleiken av ein tent grill.

Når du er ferdig:

Sløkk grillen med rikeleg med vatn.

Kast grillen i grillcontainer/dunk, og ikkje i ein avfallsbeholder. Ein eingongsgrill kan innehalde glør og varme i opptil 24 timar etter bruk, sjølv om du har forsøkt å sløkke den med vatn.

Er det ingen dunk for eingongsgrillar i næleiken må du ta med eingongsgrillen heim, og la den stå utandørs over natta før du kastar den i avfallet. Tenk på miljøet – ikkje kast eingongsgrillen i naturen!