COS‑P (Circle of Security Parenting) er eit forskingsbasert rettleiingsprogram som hjelper foreldre å forstå dei emosjonelle behova og signala til barnet sitt betre. Modellen blir ofte kalla tryggleikssirkelen.
Målet med kurset er å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn, skape meir tryggleik i kvardagen og gi foreldre verktøy til å handtere samspel og utfordringar på ein god måte.
Kurset går over åtte samlingar. Der vekslar deltakarane mellom å sjå korte filmsnuttar, ha samtalar og reflektere saman.
Elisabeth Hagebakk og Henriette Nordstrand Søvik hadde ansvaret for kurset denne runden. Dei fortel om ei positiv foreldregruppe og mange kjekke diskusjonar.
Deltakarane på kurset har gjennom evalueringsskjema kome med gode tilbakemeldingar. Dei skildrar kurset som meiningsfullt, auka forståing for barnet, gode samtaler i gruppa og skryt til kurshaldarane som delte erfaringar frå eiga liv. Alle deltakarane anbefaler kurset til andre foreldre.
Stranda kommune har som mål at dette kurset skal holdast jamleg, slik at fleire foreldre får delta. Eininga Barn, familie og meistring vil halde neste kurs hausten 2026. Informasjon vil kome på nettsidene til Stranda kommune. Interesse kan også meldast inn til helsestasjonen.