Dei nye satsane ved produksjonssvikt i jordbruket er klare

 

I august varsla regjeringa at ho vil foreslå at nye satsar ved produksjonssvikt i jordbruket skal tas i bruk allereie frå produksjonssesongen 2023. Dei nye satsane er no ferdigberekna av Landbruksdirektoratet.

Tilskot ved produksjonssvikt er ei ordning i jordbruksavtalen. Føremålet med ordninga er å redusere økonomiske tap som skuldast klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. I jordbruksoppgjeret i år vart partane einige om å innføre nye satsar frå 2024. For å hjelpe bønder som no står i ein vanskeleg situasjon, vil regjeringa føreslå for Stortinget å innføre dei nye satsane allereie frå produksjonssesongen 2023. Regjeringa vil også føreslå å heve taket for tilskot per vekstgruppe. For grovfôr og korn og anna frø til modning vert det føreslått eit tak på 900 000 kroner per vekstgruppe, mens det for frukt, bær, grønsaker og poteter vert føreslått eit tak på 1 800 000 kroner per vekstgruppe.

 

Landbruksdirektoratet har no ferdigberekna dei nye satsane som i utgangspunktet skulle gjelde frå 2024. Sjå satsane her. (PDF, 119 kB)

Berekninga er gjort i tråd med metoden partane ble einige om i årets jordbruksoppgjer. Mellom anna er prisar frå 2022 tatt inn.

Det er Stortinget som løyver midlar til desse satsane og taka. Satsane blir fastsett i forskrift etter handsaminga i Stortinget.