Digitaliserar utsending av faktura

Stranda kommune innfører no ny rutine for distribusjon av fakturaer, dette for å auke bruken av digitale tenester, effektivisere og redusere kostnadane.

Kva konsekvensar får dette for for deg?
Den nye løysinga inneber at alle faktura blir sendt digitalt som eFaktura, Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Om dette ikkje er muleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di.

AvtaleGiro
Om du som kunde har AvtaleGiro, vil også belastningsoppgåva bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil då vere å opprette AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

eFaktura
eFaktura er den distribusjonskanalen vi føretrekk, og vi vil anbefale alle kundane våre til å opprette eFaktura i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem raskt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps
Vi kan også tilby Vipps eFaktura. Dette føreset at du nyttar Vipps og har aktivert Vipps eFaktura inne i appen.

Faktura i Digipost/eBoks
For å motta faktura på Digipost/eBoks må du opprette ei digital postkasse med ein av desse to leverandørane. Om du har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse vere å føretrekke i staden for Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post
Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg i e-post, kan du kontakte oss for å få registrert din e-postadresse i vårt system. Vi vil presisere at om du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse vere å føretrekke i staden for e-post.

Faktura levert i postkassa
Om vi ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste forskjellen du vil merke, er at fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel, så om du ønskjer å benytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar får du i banken, eller ved servicekontoret i kommunen. Her kan du også få hjelp til utfylling av giro om du ønskjer det.