Digitalt søknadskurs spelemidlar Stranda kommune Møre og Romsdal fylekskommune arrangerer eit digitalt søknadskurs for aktuelle søkarar i spelemidelordninga den 28. september. Dette er eit lågterskel kurs for uerfarne søkarar, men alle som vil kan delta. På kurset blir det ein gjennomgang av vilkår for å få ein godkjent søknad, men dei vil også komme inn på andre sentrale element i ordninga som tilskotssum og fristar. Merk: Dette er ikkje eit møte med rettleiing for den enkelte og deira søknad, men generell informasjon om søknadsprosessen. Her er lenke til meir informasjon og oppkopling til Teams-møte. Det er ingen påmelding. For meir informasjon om spelemiddelordninga, sjå denne lenka. Stranda kommune sin søknadsfrist for spelemiddelsøknad er 1. desember, men vi oppmodar aktuelle søkjarar om å ta kontakt med oss i god tid før dette. Kontaktperson er kulturleiar Elisabeth A. Opsvik, tlf. 464 11 054 / eliops@stranda.kommune.no.