Dispensasjon: Forskrift om kunstig sædoverføring hos husdyr utført av andre enn veterinær

 

Fylkesmannen skriv at dei no har fått avklaring på spørsmål om mogleg dispensasjon frå Forskrift om kunstig sædoverføring hos husdyr utført av andre enn veterinær, slik at bønder med kurs i inseminering kan inseminere utanfor sitt eige bruk.

Mattilsynet kan gi dispensasjon i særlege tilfelle, og vurderer at Korona-situasjonen er ein slik særleg situasjon.

Framgangsmåten ved framlegging av søknad om dispensasjon er slik:

Ein person som har løyve frå Mattilsynet til å inseminere i eiga besetning kan ikkje inseminere i andre besetningar utan dispensasjon frå Mattilsynet. Avdeling for nasjonale oppgåver kan gi slik dispensasjon etter søknad i særskilde situasjonar. Korona-situasjonen er ein slik særskild situasjon.

Forskrift om kunstig sædoverføring hos husdyr utført av andre enn veterinær set rammene for dette og denne forskrifta finn du her:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1995-03-06-239?q=s%C3%A6doverf%C3%B8ring

Mattilsynet kan handsame ein slik søknad i løpet av kort tid, og søknaden må innehalde:

  • Namn, adresse, produsentnummer, inseminørnummer hos Geno/Norsvin på produsenten som skal inseminere hos andre produsentar
  • Spesifiser dyreart (svin eller storfe)
  • Spesifiser geografisk område /kommunar der inseminasjonen skal utførast
  • Skriftleg stadfesting frå Geno/Norsvin på at det ikkje er anna tilgjengeleg seminpersonell i området