Driftsproblem med Microsoft sine tenester

Vi opplever for tida driftsproblem med fleire av Microsoft sine tenester, mellom anna Outlook/e-post, Microsoft Teams og andre Microsoft-relaterte tenester.

Problema starta i går kveld og er framleis pågåande. Vi har førebels ikkje fått informasjon om når tenestene vil vere tilbake i normal drift. Det vert arbeidd med å rette feilen.

Viktig informasjon om e-post: Det er usikkert om e-postar som vart sende i går ettermiddag har kome fram til mottakarane. Vi ber difor om at de ikkje føreset at desse e-postane er leverte. Dersom meldinga er viktig, rår vi at ho vert send på nytt når e-posttenesta fungerer normalt, eller at de tek kontakt via ein alternativ kommunikasjonskanal.

Inntil vidare ber vi alle om å nytte andre tilgjengelege kanalar for kommunikasjon, dersom dette er mogleg.

Vi beklagar ulempene dette medfører, og kjem med ny informasjon så snart vi veit meir om situasjonen.