Drop-in vaksinering på Amfi Moa aust, inngang ved Fellini

Forsvaret kjem til Ålesund og vil bemanne vaksinestasjonen på Amfi Moa aust frå 29. desember og ut veke 52. Her blir det drop-in vaksinering og timebestilling.

Det blir lang opningstid – og eit tilbod for alle som besøker kjøpesenteret, uavhengig av kva kommune du bur i.  Vaksinene frå Moderna og Pfizer vil vere tilgjengelig.

«Bytt og stikk»

Kommunane Ålesund, Sula og Giske har gått saman med Forsvaret om å bemanne ein felles vaksinestasjon. Tilbodet er ope også for andre enn dei som bur i desse kommunane. Vaksinestasjonen vil vere open for alle som besøker Moa: - Kva med å bytte julegåvene og få eit stikk samtidig?

Desse kan få vaksine:

  • Dose 1  - for dei som enno ikkje er vaksinert.
  • Dose 2 – 4 veker sidan dose 1
  • Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 – gjeld alle over 18 år. 
  • Dose 4 – 3 månader sidan dose 3 (gjeld særskilte grupper med alvorleg sjukdom).

Bestill deg time for vaksinering

Vil du ikkje kome på drop- in men bestille deg time så kan du det, gå inn på Helseboka og book deg time:

Vaksinestasjonen ligg rett ved inngangsdøra på Amfi Moa aust, i same bygg som McDonalds.