Eigedomsskatt - ny taksering av eigedomar

 

Stranda kommune skal taksere eigedomane i kommunen på nytt for året 2023. Ny taksering skal etter lova normalt skje kvart tiande år.

Denne informasjonen blir sendt til deg som står registrert som tinglyst heimelshavar av eigedom i Stranda kommune.
For næringseigedomar der det er leigetakarar, bør dei verte informert om at eigedomen vil bli synfart i samband med takseringa.
 

Synfaring av bustad-, fritid- og landbrukseigedomar
 

Alle eigedomar vil synfarast utvendig. Dei som utfører synfaringa vil sjekke fakta som er registrert i matrikkelen, eventuelt måle opp bygg utvendig og registrere manglande opplysningar. I tillegg vil dei som synfarer ta bilete av bygg og dokumentere forhold som påverker verdifastsettinga. Dei som synfarer eigedommen, vil ha på seg gule vestar og legitimere seg med ID-kort.

Du som eigar treng ikkje å vere til stade under synfaringa.

Dersom du likevel ønsker å vere til stades eller vil gi melding om konkrete forhold du ønsker skal verte vurdert, må du melde frå om dette på e-post til eskatt23@stranda.kommune.no. Informasjonen vil bli vidaresendt til det selskapet som skal utføre synfaringa og takseringa.

 

Synfaring av næringseigedomar
 

Næringseigedomar er ein samansett type eigedomar, som i mange tilfelle krev innvendig synfaring for å finne rett arealbruk og tilstand på bygg. For å fastsette verdi på næringseigedomar vert det nytta fakta om eigedomen, leigeprisar på ulike typar areal, kombinert med vurderingar på og omkring eigedommen. For enkelte næringseigedomar kan det vere hensiktsmessig å bruke andre verdsettingsprinsipp.'

På dei fleste næringseigedomar er eigar eller eigarrepresentant til stade på dagtid når synfaringa skjer. Representant for det selskapet som utfører synfaringa, tek kontakt med heimelshavar når eigedomen skal synfarast. Dersom eigedomen vert leigd ut til andre, er det en fordel at disse vert informert om synfaringa.

Dersom det er spesielle forhold vi bør kjenne til på forhånd, eller du ønsker å gjøre en konkret avtale, gi oss melding om dette.

Kontakt oss på:

E-post:  eskatt23@Stranda.kommune.no

Telefon: 70 26 80 00 (telefontid 10:00-14:00)

Synfaring vil bli gjennomført:

Synfaring vil i hovudsak foregå fra 1.september til utgangen av 2022.

Merk alle skriftlege henvendelser med:

Namn, minimum for- og etternamn og telefon – der vi kan treffe deg på dagtid.
Gards- og bruksnummer og eventuell vegadresse

Etter kvart som vi har meir informasjon klar, blir det lagt ut meir informasjon på Stranda kommune sine nettsider

Takseringsoppdraget vert tildelt etter 10.8.2022. Det vil kome informasjon om dette på Stranda kommune si heimeside.

Stranda 09.08.2022
Eigedomsskattekontoret v/Andrea Fivelstad