Eigedomsskattelistene for 2026 -Offentleg ettersyn

I samsvar med Eigedomsskattelova sin § 15 vert eigedomsskattelistene for bustader, fritidsbustadar, næringseigedomar m.m. for 2026 lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker frå 27.02.26

Kommunestyret vedtok i møte den 17.12.25 i sak 110/25 at det vert skrive uteigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova §3a på faste eigedomar i heile kommunen. Eigedomsskatten er på 6 promille. Det er unntak for bustadar og fritidsbustadar der eigedomsskatten er 4 promille.


I tråd med kommunestyret sitt vedtak om kontorjustering, vert kvadratmeterprisane/»verdet» auka med 0,5% i tråd med eigedomsskattelova §8 A-4.
Frå 2020 vart det innført obligatorisk reduksjonsfaktor i eigedomsskattegrunnlaget for bustad og fritidseigedom med 30%. Dette ser du på skattesetelen ved at eigedomsskattegrunnlag/takst er multiplisert (ganga) med (0,7) slik at grunnlaget vert redusert frå 100% til 70%.

 

Eigedomsskattelistene 2026
Tittel Publisert Type
Skatteliste Offentlig Ettersyn 2026 fullt fritak §§ 5 og 7

26.02.2026 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste_Offentlig_Ettersyn_2026_fullt_fritak_§§_5_og_7.pdf
Skatteliste Offentlig Ettersyn 2026 ikkje fritak eller delvis fritak

26.02.2026 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Skatteliste_Offentlig_Ettersyn_2026_ikkje_fritak_eller_delvis_fritak.pdf


Listene ligg også for gjennomsyn på Servicekontoret, Øyna 13, Stranda.

Eventuelle spørsmål om eigedomsskatten kan rettast til Stranda kommune, tlf. 70 2680 00


Stranda, 26.02.26
Eigedomsskattekontoret