Endra reglar for besøksrutiner og vikarhjelp ved institusjonane

 

Det blir vist til auke av koronasmitte både internasjonalt og siste tida også nasjonalt og vedtak av kommuneoverlegen august 2020 om at 

  1. pårørande som har vore utanfor Norge og vil på besøk på institusjon, må vente 10 dagar etter heimkomst før besøk

Det har nasjonalt blitt registrert ein særleg smitteauke i Bergen, Oslo og Viken fylke. Av denne grunn har kommuneoverlegen etter drøfting i Stranda kommune si kriseleiing i dag  17.09.2020 ytterlegare gjort vedtak om

  1. restriksjonar 10 dagar for pårørande før  besøk eller vikarar/ekstrahjelp før arbeide på  institusjonane i Standa kommune for personar som kjem til Stranda frå Bergen, Oslo eller Viken fylke og frå utlandet. 
    Liknande smitteutbrot har no kome i vårt eige fylke, i kommunane Kristiansund og Molde, same restriksjonar skal inntil vidare gjelde også for desse kommunane.
     (ref. pkt. 1)

Vedtaka gjeld inntil smittesituasjonen er betryggande.

Arne Gotteberg
Kommuneoverlege i Stranda