Endring i besøksrutinane for institusjonane i Stranda kommune Oppdateringar 13.08.2020: Det er etter ferien registrert urovekkande auke av coronasmitte både internasjonalt og nasjonal Noko av dette er import av smitte etter ferieturar i utlandet og ved innreise til Norge. Regjeringa har nettopp revurdert reiseråda . Det har til no ikkje blitt påvist coronasmitte i Stranda, men vi er bekymra for utviklinga og for dei svært negative konsekvensane coronasmitte ved institusjonane kan ha for våre eldre og sjuke Etter innspel frå fylkesmannen og drøfting i Stranda kommune si kriseleiing i dag har kommuneoverlegen fatta følgjande vedtak Pårørande som har vore utanfor Norge og vil på besøk på institusjon, må vente i 10 dagar etter heimkomst før besøk. Denne endringa vil bli sendt ut til kontaktperson for familien og vil bli innarbeidd i «Besøksrutiner ved institusjonane i Stranda kommune», som du finn på Stranda kommune si heimeside.