Endringar i Regionale miljøtilskot (RMP) Regionale miljøtilskot skal stimulere til ein auka miljøinnsats i jordbruket. Miljøutfordringane er ulike rundt om i landet. Miljøtilskota er derfor utforma for å ivareta dei regionale miljøutfordringane. Kvart fylke har sitt miljøprogram med tiltak innanfor ulike miljøtema: kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, avrenning til vatn, utslepp til luft, plantevern, jordhelse, miljøavtale og klimarådgjeving. I 2023 byrjar ein ny 4-års planperiode. Det er gjort nokre justeringar frå førre periode. Dei viktigaste er: § 4 Ulik tilskotsats per dekar for hellingsgrad på 1:5 og 1:3 § 4 Beiting med husdyr krev bruk av beitepussar § 13 Krav om helling ut mot vassdrag § 16 Tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel § 17 Tilskot til nedfelling av husdyrgjødsel (var tidlegere saman med tiltak § 16) For meir detaljar, sjå rundskriv frå Statsforvaltaren Søknadsfristar 2023 Søknadsportalen opnar 15. september og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist: 15. november. Utbetaling skjer i mars påfølgjande år.