Endringar i smitteverntiltak

Alle endringar gjeld frå kl. 10.00 laurdag 12. februar 2022

Råd om smittevern

  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Følg vaksinasjonsprogrammet
  • Test deg ved symptom. Barn i barnehagealder og skuleelevar er unntatt. Det er ikkje lenger naudsynt å teste seg dersom du ikkje har symptom.
  • Ved positiv koronatest bør vaksne halde seg heime i fire dagar.
  • Ta kontakt med legen din dersom du er bekymra for eigen helse eller for barnet ditt.

Råd til risikogrupper og uvaksinerte

  • Dersom du har risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte, må du sjølv vurdere risikoen for smitte og eigen risiko for alvorleg sjukdom mot behovet for kontakt med andre. Det gjeld også for dei som ikkje er vaksinerte. 
  • Om du har høg risiko for alvorleg sjukdom bør du rådføre deg med legen din om du bør skjerme deg i periodar med mykje smitte.
  • Sjå meir om risikogrupper for koronasjukdom på helsenoreg.no
     

Avstand og sosial kontakt

  • Det er ikkje lengre generelt råd om 1 meters avstand i samfunnet.
  • Dersom du har nyleg oppståtte luftvegssymptom, bør du halde avstand til andre, særleg til personar i risikogrupper.
  • Med eit høgt smittepress som no, bør grupper som framleis har auka risiko for alvorleg  sjukdom, avgrense talet på nærkontaktar.

Munnbind

Testing

  • Om du har luftvegssymptom som nyleg har oppstått bør du teste deg for koronasjukdom.
  • Om du ikkje har symptom og bur saman med nokon som er smitta, treng du ikkje teste deg.