Energi- og klimaplan for Stranda kommune sluttgodkjent

Kommunestyret har ferdighandsama og godkjent Energi- og klimaplan for Stranda kommune 2022-25.  (PDF, 4 MB)

Planen har vore ute på høyring og det kom inn uttalar frå følgjande:

  • Ungdomsrådet i Stranda kommune
  • Statsforvaltaren
  • Stranda MDG
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • NVE
  • ÅRIM
  • Barn og unge sin representant
  • Statens Vegvesen

Tiltaka som skal gjennomførast dei nærmaste åra vert no knytte opp til budsjettet. Det vert difor viktig at dei som vil føreslå tiltak kjem med innspel til planen i samband med den årlege budsjettprosessen.