Vaksinering hausten 2025

Les meir her OBS! NYE DATOAR!

08.10.2025 20.32

Er du permittert eller arbeidsledig? Korleis førebygge økonomiske utfordringar når inntekta blir redusert?

 

Aller først må du skaffe deg ei oversikt over inntekter og utgifter for å sjå om økonomien din går rundt. Ein må tilpasse utgiftene sine utfrå inntektene. Lag deg eit busjett.

  • Kor mykje får du utbetalt per månad (løn, trygd, barnetrygd, barnebidrag, bustøtte, etc.)?
  • Kva faste utgifter har du (husleige, straum, tlf, barnehage, forsikring, internett, etc.)?
  • Når blir løn/trygd utbetalt og når er det forfall på utgiftene?
  • Kor mykje er igjen av inntekta etter at alle dei faste utgiftene er betalt?

- Set av feriepengar og skatt til gode, for å kunne betale framtidige rekningar.

- Løys ikkje pengeutfordingar med å ta opp meir lån!

- Kontakt banken og kreditorane for å finne løysingar for nedbetaling. Søk banken om avdragsutsetjing på bustadlån. Har du studielån og er arbeidsledig kan du ha rett på å få sletta renter. Har du gjeldsforsikring?

- Klarer du ikkje å betale rekningar til forfall, ta kontakt tidlegast mogleg med leverandør eller inkassoselskap og bli samd om ein overkomeleg nedbetalingsplan.

- Sei opp unødvendige abonnement og dobbelforsikringar.

- Sjekk moglegheit for rimelegare abonnement for telefon, breiband, forsikring og straum.  

- Har du eigedelar du kan selje?
 

Du bør ha følgjande utgiftsprioritering når inntekta er redusert:

1. Husleige og fellesutgifter til burettslaget/kommunale avgifter på bustad.

2. Renter på bustadlån og bustadforsikring.

3. Straum.

4. Barnehage/SFO.

5. Barnebidrag.

6. Telefon/internett.

7. Nødvendig transport.

8. Andre forsikringar.

9. Andre rekningar.


Det er viktig å ta tak i økonomiske problem så raskt som mogleg. NAV har ein økonomirådstelefon som kan gi deg råd og veiledning om kva du kan gjere med dine økonomiske vanskar. Ring NAV Gjeldsrådgivning - telefonnummer 55553339. Meir inormasjon finn du her.