Finansiering av landbruksoppdraget til kommunane

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Artikkelen nedanfor er henta frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal:

 

Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om kor stor bemanning bør vår kommune ha innan landbruksområdet.

Landbruksoppdraget er finansiert i inntektssystemet til kommunane. Ved at landbruksoppdraget er finansiert gjennom inntektssystemet, inngår det også i utgiftsutjamninga. Utgiftsutjamninga innan dei ulike sektorane skal sikre at dei kommunane som ut frå objektive kriterium har størst utfordringar innan sektoren, også får kompensasjon for det.

Det er 8 sektorar som er omfatta av utgiftutjamninga. Sektorandelen viser kor stor økonomisk tyngde sektoren har i kommunane.

Sektorane som er omfatta av utgiftsutjamninga er: 

Pengane som går inn i inntektssystemet (skatt og rammetilskot) er frie inntekter. Dette betyr at ingen skal kunne gjere utrekningar og seie at så mykje av dei frie inntektene skal gå til ein bestemt sektor. Det er opp til kommunestyret å avgjere fordelinga av desse midlane, for å løyse dei oppgåvene som kommunen har ansvaret for.

Når vi kan berekne kor store overføringar dei ulike sektorane utløyser, kan dette brukast som ei vurdering av kor mykje det ut frå objektive kriterium bør koste å ha ei landbruksforvaltning. Så er det slik at kommunane er i sin fulle rett å bruke mindre om dei har ei effektiv landbruksforvaltning, men kan også risikere å bruke meir om arbeidet flyt dårleg. Ansvaret for oppgåva ligg til kommunen uansett.

Dei kommunevise tala i tabellen under kan også forståast som at om landbruksoppdraget hadde blitt overført til eit anna forvaltningsnivå, hadde inntektene til kommunen blitt redusert som vist i tabellen.

Landbruksoppdraget består av 3 kriterium (samla i kolonne 2 under «indeks for landbrukskriterium»): Tal jordbruksbedrifter, tal landbrukseigedomar og totalarealet i kommunen.

Statsforvaltaren får frå tid til anna spørsmål om kor stor bemanning bør vår kommune ha innan landbruksområdet. Då viser vi gjerne til tabellen under.

Tabellen viser fordeling etter kostnadsnøkkelen i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023.