FolkehelsekartleggingI løpet av februar 2021 skal Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for første gong gjennomføre ei folkehelseundersøking for å kartlegge befolkninga si eigenvurderte helse, livskvalitet og trivsel i fylket. Undersøkinga vil gå ut til ca. 56 000 av dei som bur i fylket som er 18 år og eldre. Dei som får undersøkinga vil bli direkte invitert via SMS (denne SMS-en er sikker å svare på) og e-post til å svare på spørjeundersøkinga om helse, trivsel og livskvalitet. Viktig med deltaking Informasjonen som vi samlar inn vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet innan fleire områder i fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal. Stranda kommune treng at minst 400 personar svarer for å få ut rapport. Hovudtema i undersøkinga er: eigenopplevd oppvekst – og levekårsforhold livskvalitet nærmiljø sosialt miljø skader og ulykker helserelatert åtferd helsetilstand Trivsel og livskvalitet God helse og livskvalitet betyr mykje. Det handlar om meir enn fråvær av sjukdom og plager. Å oppleve at livet er meiningsfullt, å tilhøyre eit fellesskap og å ha nokon som står ein nær er viktig. Vi blir påverka av våre omgivnader og forhold gjennom dei ulike fasane i livet frå fødsel, oppvekst, skule, arbeid og alderdom. Folkehelsearbeidet handlar om å leggje til rette for ei sosial berekraftig samfunnsutvikling. Det er derfor viktig at vi klarer å få svarprosenten så høg som mogleg for å kunne sei noko om korleis befolkninga i Møre og Romsdal, og Stranda har det. Det er også viktig for å kunne jobbe målretta for at innbyggjarane skal få det betre. Utføring: Digitalt.