For medlemer i Norges Bondelag:
Invitasjon til spørjetime om metanreduserande fôrvarer
Landbruket skal bidra til klimakutt, og eitt av tiltaka i klimaplanen er å redusere metanutslepp frå mjølkekyr. I jordbruksavtalen vart det avtalt å starte innføring av metanreduserande fôrvarer til mjølkekyr frå 2027, og dette året vert brukt til å finne ut av både praktiske og økonomiske avklaringar.
Metanhemmarar har vore tema på mange bondelagsmøte rundt om i landet, og no inviterer vi til eit webinar om temaet, som er ope for alle som er medlem i Bondelaget. Det vert innleiingar frå Bondelaget, forskarar i MetanHUB, og ein bonde som deltek i prøveprosjektet. Det vert sett av god tid til å stille spørsmål.
Tid: Onsdag 12. november – kl. 09:00 til 11:00
Stad: Digitalt på Zoom.
Førebels program:
Del 1: Innleiingar, kl. 09:00–10:00
- Alt du lurer på om metanreduserande fôrvarer og Bovaer, ved Kim Viggo Weiby, Animalia
- Bakgrunnen for Landbrukets klimaavtale, klimaplan og kva som er avtalt om innfasing av metanreduserande fôrvarer i jordbruksavtalen, ved Bodhild Fjelltveit, 1. nestleiar i Norges Bondelag
- Om prosjektet MetanHUB
- Mine erfaringar frå bruk av metanreduserande fôrvarer på garden, Arthur Salte
Pause
Del 2: Spørsmål til panelet, kl. 10:10–11:00
- Det vert høve til å stille spørsmål til innleiarane
Lenkje til påmelding: Webinar Registration - Zoom