I veke 16 startar ei tverrfagleg gruppe opp med forebyggande og helsefremmande besøk for dei som er 80 år.
Førebyggjande heimebesøk er ein individuell samtale heime hos 80-åringen. Her kan 80-åringen i kommunen få kjennskap til kommunens tilbod både innanfor helse, kultur, idrett og frivilligheitsfeltet. To frå «førebyggjande heimebesøk-teamet» reiser på heimebesøk. Det blir delt ut ein perm med relevant informasjon. Ein går saman igjennom permen og 80-åringen får behalde denne. Gjennom samtale ynskjer ein å stimulere til at den enkelte tek i bruk sine ressursar for å meistre mest mogleg av livet på eige hand og oppmode til, og informere om korleis ein kan planlegge for alderdommen.
Du som bur i Stranda kommune skal oppleve at dette er ein god stad å bli gammal. Kommunen ynskjer å støtte seniorar å leve eit godt og sjølvstendig liv. Du treng ikkje å ha utfordringar i kvardagen for å ha glede av besøket.
Besøket er frivillig og vil vare i ca. 1 time. Ektefelle, barn og andre pårørande kan delta om du ynskjer det.
Med helsing
Arbeidsgruppa for førebyggjande og helsefremjande heimebesøk:
Astrid H Ringdal, sjukepleier
Rebecca Ringdal-Tyssen, ergoterapeut
Oda Fiskum, fysioterapeut.