Foreldrekurs: Tuning in to Teens (TINT) – for deg med barn på ungdomsskulen

Å vere forelder til ein ungdom kan by på mange gleder og mange utfordringar. Tuning in to Teens (TINT) er eit evidensbasert foreldrerettleiingsprogram som gir deg kunnskap om ungdomshjernen og verktøy til å styrke relasjonen til barnet ditt.

Kurset passar for foreldre med barn på ungdomsskulen og fokuserer på:
•    Forståing av ungdommens følelsar og behov
•    Bygging av tillit og tryggheit i relasjonen
•    Praktiske metodar for emosjonell støtte og kommunikasjon

Kursdetaljar:
•    Gratis for foreldre i kommunen
•    Tysdagar fom 14 oktober kl.17-18.30. (ein må kunne delta på alle for å få utbytta av kurset). 
•    Begrensa antal plassar

Meld deg på ved å sende ein mail til følgande: tint@stranda.kommune.no  
 

Skriv gjerne i kva trinn du har barn på.