Ny søknad
Gjeldande løyveperiode går ut 30. september 2024.
Dersom verksemda ønskjer å selje/skjenke alkohol etter denne datoen må ein søkje på nytt.
Den enkelte løyvehavar har sjølv ansvar for å søkje i tide. Dersom det ikkje vert sendt ny søknad, vil ein stå utan løyve etter 30.09.2024.
Søknadsfrist 30. juni 2024
Sakshandsaminga i ein slik fornyingsprosess for alle løyvehavarar i kommunen er omfattande og kan ta lang tid. Kommunen må mellom anna innhente uttale frå sosialetaten, og kontrollere vandel frå politiet.
Dersom ny søknad ikkje har kome inn til kommunen innan 30. juni 2024, kan vi ikkje garantere at nytt løyve vil ligge føre innan det gamle går ut. Ein risikerer då å kunne stå utan løyve for ein periode.
Det er viktig at alle dokument vert sendt inn saman med søknaden, det er ikkje nok at kommunen har denne informasjonen frå før.
Det skal følgje med tydelege og oppdaterte planteikningar over sals- eller skjenkelokalet, både innandørs og evt. uteservering, der bord, stolar, gjerder osv. er tydeleg merka av. Husk å oppgi størrelse (m²) på både innandørs og utandørs areal.
Det må leggast ved utfyllande skildring av sals- eller skjenkestaden, og ein må vere tydeleg om driftskonsept.
Søknaden skal sendast elektronisk, og skjema ligg på Stranda kommune si heimeside under Handel og service. Krav om alle vedlegg som skal vere med er vist til i søknadsskjemaet.
Ved spørsmål og rettleiing til søknaden ta kontakt med saksbehandlar:
Line Reed Drege
lindre@stranda.kommune.no
46411010